Kyrkjene i Kinn
Tilgjengeligheitserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
KALENDER

lørdag 27 april
Florø kyrkje
søndag 28 april
Florø kyrkje
Eikefjord kyrkje
Sør-Vågsøy kyrkje
Florø kyrkje
lørdag 4 mai
Florø kyrkje
Sør-Vågsøy kyrkje
Florø kyrkje
Sør-Vågsøy kyrkje
søndag 5 mai
Florø kyrkje
Florø kyrkje
onsdag 8 mai
18:00 Konsert
Florø kyrkje
torsdag 9 mai
Friluft
Kråkenes- Nord-Vågsøy
Nordal kyrkje

Nyheter

Ledig stilling som kyrkjetenar i Florø kyrkje

Florø kyrkje. Krediter VISIT FJORDKYSTEN.JPGVil du gjere eit viktig samfunnsoppdrag og gjere teneste i viktige handlingar for innbyggjarane våre? No har vi ledig stilling som kyrkjetenar i Florø kyrkje. Stillinga er 30 prosent. Kinn kyrkjelege fellesråd har ansvaret for dei sju kyrkjene og 19 offentlege kyrkjegardane i Kinn kommune.

Foto: Visit Fjordkysten

 

 

Hovudarbeidsstaden vert Florø kyrkje, men kyrkjetenarane vikarierer for kvarandre. Florø kyrkje er ei stor langkyrkje frå 1882 med mykje aktivitet. Som kyrkjetenar er du den fyrste som møter folk i kyrkja, både i sorg og glede.


Arbeidsoppgåver:

-          - klargjere kyrkja for kyrkjelege handlingar og andre aktivitetar

-          - syte for at tekstilar og inventar er velstelt og i orden

-          - bruk av kyrkjeklokkene

-          - ansvar for brannvern og HMT

-          - reinhald utover det som reinhaldaren gjer

-          - opprydding etter kyrkjelege handlingar

-          - snørydding

-          - vanlege vaktmeisteroppgåver og vedlikehald

-          - styring av lyd under kyrkjelege handlingar

-          - andre oppgåver som vert delegert frå kyrkjeverja

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

-          - gode samarbeidsevner

-          - fleksibilitet

-          - gode kommunikasjonsevner

-          - interesse for kyrkjelege handlingar er nyttig

 

Vi legg avgjerande vekt på personlege eigenskapar. Det må påreknast arbeid i helger, kveldar og på heilagdagar. Oppstart snarast råd.

Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Det vert lagd stor vekt på at personen er eigna til stillinga. Pensjonsordning gjennom KLP. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale. Vi krev godkjend politiattest ved tilsetjing på grunn av arbeid med born og unge, jf. trussamfunnslova § 20. Søkjarlista er offentleg, og opplysningar kan gjerast offentlege, jamvel om søkjaren bed om å ikkje vere offentleg, jf. offentleglova § 25.

Send søknad og dokument til kyrkja@kinn.kommune.no eller lever på kyrkjekontoret i Florø eller Måløy. Postboks 504, 6903 Florø. Søknadsfrist 15. mars 2024.

For meir informasjon, kontakt kyrkjeverja i Kinn, Dag Henrik Nygård, dag.henrik.nygard@kinn.kommune.no, 481 00 481 eller 466 455 75.

Publisert av:  den 29-02-2024
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Lenker

Kontaktinfo

FLORØ
Markegata 28
Postboks 504, 6903 FLORØ
Tlf: 481 00 481
Opningstider:
Mandag, tirsdag, torsdag og fredag 10-14, eller etter avtale.
Lunsjstengt frå kl. 11.30 til kl. 12.00.
Onsdagar - stengt

FØLG OSS PÅ FACEBOOK

MÅLØY
Rådhuset 3. etg
Postboks 33, 6701 MÅLØY
Tlf 481 00 481
Opningstider:
Mandag, tirsdag, torsdag og fredag 10-14, eller etter avtale.
Lunsjstengt frå kl. 11.30 til kl. 12.00.
Onsdagar - stengt
FØLG OSS PÅ FACEBOOK

Epost: kyrkja@kinn.kommune.no

Fakturaadresse: faktura@kinn.kommune.no
Org.nr: 976 995 678